logo

Velkomen til
den mytologiske parken!
- røter, ekko og forsyn -

Lundarhegni Naturpark


Eit nærings-, aktivitets- og buprosjekt utanom det vanlege ...

Magisk natur, velstelt landskap, kultur, kjensler og respekt. Røter slit og dreg, held fast. Tida er klar for å knyta band og byggja bu. Gode opplevingar skal leverast vidare. Lat poesien røra deg og fortelja deg kvar du høyrer til!

Det er eit ekko frå farne tider. Ukjende soger blir fortalde gjennom eit hemlege naturspråk som må lærast for å kunna skjønast. Blir du språkmektig, kan du bli kunnskapsrik. Med rett kunnskap fylgjer visdom, gangsyn, klårsyn og forsyn.
Med andre ord, ein blir sett i stand til å sjå inn i framtidi.

- til den det måtte røra,
vitskap er for dei som går i lære,
poesi er for dei som allereie veit -
Les meir om geografi, historie, idé og framdrift .....

Prosjektet Soria Slott →

Siste nytt ↓

Alle sider, både norske og engelske, er reviderte, renoverte og oppdaterte.
Mytologifestivalen 2019 er under arbeid!
Billettar blir lagt ut seinare.

SLOTTET

HER SKULLE INGEN TRU AT FOLK KUNNE BU

Men faktum er at uvanlege tomter inviterer til spenstige løysingar. Fordi Lundarhegni har utvikla sitt eige byggkonsept, BBB (Bygg i Berg og Boge), blir resutatet jordvern, estetisk utforming og smidig topografisk integrering. Me legg fram eit heilheitleg bustadprosjekt med tip topp komfort, etter kvart også tilrettelagt med areal for lettare næringsverksemd innafor kunst, kunsthandtverk, kultur og nyskaping, innramma av etikk, eventyr og mytologi.

Meir om prosjektet → Soria Slott

Tømmerhytta

Folkvang er namnet, ei hytte med uthus til leige. Staden er oppkalla etter heimen åt Frøya, den vakre, norrøne kjærleiksgudinna med smykket Brisinga-men um halsen. Hytta ligg på ei skår i terrenget. Der er kjøken, stova og sovehems. Fasilitetane er som for 100 år sidan. Hytta passar perfekt til overnatting for eit romantisk par. Meir informasjon og bilde på www.iha.com Søk Folkvang! 

Pris → PRISLISTE  Tinga plass → KONTAKT

Leirplassen

Lundarhegni Leir er eit 5 da stort grøntområde for telting. Området er også godt eigna som leikeareal og marknadsplass.

Les om LANDNAAM

Opplevingar

vevatnet-2014

Me tilbyr organiserte turar med lokal vegvisar. Til turane knyter det seg ulike opplevingar med unike historiar tett på kulturminner og verdifulle naturområder. Om ynskjeleg, kan soger, legendar og eventyr forteljast rundt leirbålet.
Ut på tur?

 

Økologiske Landbruksprodukt

fullsizeoutput_4f3

Lundarhegni produserer sjølv, men samarbeider også med andre som tilbyr varer og tenester, hovudsakleg innafor økologisk landbruk. Likevel, så lenge ein produsent kan knytast til filosofien vår, formidlar me gjerne kontakt.

Varer og tenester → PRISLISTE  Annonseplass → MORIA

 

Amfiet

img_0420

Lundarhegni Amfi er ein drenert og opparbeidd utandørs teaterkompleks som ligg både høgt og lunt til i terrenget. Den eine vegen er det utsikt over bygdi. Den andre vegen er det utsikt over fjord, fjell og fonn.

Fleire bilete

Mytologifestivalen

img_0427

Dette er ei årleg kulturtilskiping i Lundarhegni. Festivalen tek for seg mytologi, mystikk og uløyste gåter frå ulike deler av verda. Presentasjon av kunnskap, familieaktivitetar, leik og levandegjering av mytologisk stoff vil stå i fokus.

Fotoarkiv  

Lekkjer

Flag Counter

        Med støtte frå ↓